tirsdag 4. april 2017

Tar vare på mine forfedres historie


Det er viktig for meg å ta vare på mine forfedres historie, både for min eigen del og for ungene mine. Eg ønsker å gi barna mine eit innblikk i besteforeldre og oldeforeldres barndom/ungdomstid m.m. sidan den er så ulik vår eigen kvardag.

Eg synest det er spennande å sjå om nokre av mine barn har evner, interesser eller utseende som er lik deira forfedres.

Denne boka har mine bestemødre og mi svigermor fått at meg for å fylle ut til oss. Sidan to av dei ikkje lenger er blandt oss så er desse bøkene no verdifulle skatter for meg. Ei av bestemødrene mine er ikkje så glad i å skrive, så eg har besøkt ho nokre gonger for å skrive ned hennar historie. Boka hennar er fylt ut, og alle notatene eg gjorde er skreve i eit Word dokument.
Anbefaler alle (som har interesse for det) å gjere dette...før det er for seint.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)