lørdag 30. april 2016

Små, søte lam i fjøsen

Vi er heldige som får oppleve desse skjønne, små nøsta kvar vår.


Dei fleste klarer seg fint, men nokre er svake...gjerne fordi dei er nr 3 eller 4 i ein søskenflokk.

Det virka som om det skulle gå bra med denne lille karen, men desverre måtte den gi tapt etter eit par døgn. Men sånn er livet i naturen- dei sterkaste overlever.

Men sjølv om nokre få kanskje ikkje klarer seg, så har vi heldigvis mange som gjer det.

Så no for tida er det eit yrande liv i fjøsen

søndag 24. april 2016

Barn og gårdsliv

Eg set pris på at barna mine veks opp på gård. Eg har ikkje gjort det sjølv, men eg trur at mine eigne barn får med seg ein del kunnskap og erfaring ved at dei gjer det.

Om våren og høsten kjem det mykje nytt liv til verden. Skjønne, små lam om våren og flotte kalver når det er høst.

Omsorg og stell av kuene

Vi får gårsdagens brød fra butikken, noko som kjem kuene til gode. Dei to minste skjærer opp og fordeler dette.

Forventningsfulle kalver

Glade for å få mat

To som samarbeider for å få fòrvogna avsted

Det å ha gård er ein jobb man ikkje kan ta fri fra. Det kan kreve intenst arbeid i perioder.. fødsler må gjerne passes på både natt og dag. Dyr skal ha mat, stell og melking både morgon og kveld. Mykje vedlikehold, slått fleire gonger om sommeren og mykje anna. Det passer ikkje for alle- men eg er glad for å vere gift med ein gårdbruker og for at ungane mine får ta del i dette livet som også gir så mykje.


torsdag 21. april 2016

Gavekort-shopping

Handelshuset bytta navn til Amfi Førde denne veka, og i den anledning får vi kunder muligheten til å skrape lodd kvar dag. Handelshuset har hatt liknande konkurranser før, uten at eg har hatt noko særlig hell- men denne gongen var det min tur å vinne. Artig å skrape og få full pott på første forsøk :)

Eg og minstejenta hadde fri i dag og tok turen til Førde for å hente dei nye brillene hennar. Vi henta gavekortet i samme slengen og kunne gå i butikker og shoppe litt "gratis".
Vi fekk også ta ein titt på den nye maskoten Amfelia.

Eg fekk gavekort, mens minstejenta fekk drops og kjærlighet fra Amfelia og kontoret.


Ho fekk også velge seg ein ting som vi betalte med gavekortet. 
Det var stas!

Det blei kjøpt litt nyttige ting, og nokre litt mindre nyttige. Og eg må nok bort ein gong til for å bruke resten.


tirsdag 19. april 2016

Konfirmasjonskort til konfirmantens venner

Konfirmanten min ga kort til mange av sine venner og kjente som også var konfirmanter. Eg synest at korta man kjøper i butikkene er dyre..iallfall når man skal kjøpe mange av dei. Derfor laga vi våre eigne.

Desse gratulasjonskorta laga eg på pc'en og i appen Rhonna Design før eg printa dei ut på tynn kartong. Man treng nødvendigvis ikkje å bruke denne appen. Det går heilt fint å berre sette inn eit fint bilde og litt tekst i eit Word dokument for så å printe det ut.

Bildene er fra ei Facebook-gruppe eg er med i. 
Framsida på kortet er laga i Word, og eg printa ut to kort (framsidene) på kvar A4 kartong (tynn kartong).

Teksten og swirlen er skreve, satt sammen og lagra som eit bilde i Rhonna Design-appen. Eg satte bildet inn i eit Word-dokument og printa dei ut på baksida av kartongen med framsida på.
Man treng ikkje appen her heller. Det går fint an å skrive teksten rett inn i Word dokumentet.

Voila! Rimelige og fine konfirmantkort :)
Konfirmaten skreiv helsinger på den tomme sida i kortet.


søndag 10. april 2016

Bordkort til konfirmasjon

I fjor hadde vi konfirmant i hus så då laga eg bordkort til selskapet. Temafargen i konfirmasjonen var lilla.

 Eg ville ha nokre enkle kort utenfor mykje dilldall, og kom fram til dette designet. Eg skreiv navna i eit dokument i Word og printa dei ut på tynn kartong.

Bordkorta klare til å settast på borda.