tirsdag 22. april 2014

Project Life og kortlaging utendørs

Nokre gonger er det kjekt å kunne ta med seg litt hobbygreier ut, og i mitt tilfelle blir det gjerne Project Life relaterte ting. Det skal helst vere lite, lett og enkelt å både bruke og ta med seg fra ein plass til ein anna. Det å fargelegge stempelmotiv kan vere ein sånn ting.

Eg hadde behov for eit hardt (og lite) underlag som eg kunne bruke til fargelegginga i tilfelle eg ikkje hadde bord tilgjengelig. Då kom eg på at eg kunne bruke ein av Project Life minikit-boksene til dette.

Boksen passer perfekt til å oppbevare både ferdigstempla og fargelagte kort i, og også  fargekartet mitt (som eg har laga på eit 4x6 PL kort). 3x4 PL korta har eg stempla bla. Magnolia motiv på ved ein tidligare anledning.
Promarker-tusjane mine oppbevarer eg i zip-lock poser- det fungerer best for meg.

Enkel og lettvint inne-hobby utendørs.

For eit par dager sidan blei det lagt ut ei ny utfordring med fin premie hos Project Life i Norge, så ta gjerne turen innom og bli med på den. I tillegg så har vi to RAK'er der man kan vinne premier; Lindas RAK og Gjestedesigner Lenes RAK.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)