torsdag 20. mars 2014

Project Life i heimen

Her held eg på å skrive på tekstkort til sydenalbumet vårt. Eg liker ofte å gjere ting i "bolker" i albuma mine: først set eg inn alle bildene, deretter skriv eg all teksten (då kan eg bruke tekst-kort som passer fargemessig med bildene mine) og til slutt set eg inn pynte-kort i dei resterande lommane.
Minstejenta leiker med (min gamle) Playmo ved sidan av.

anma.no hadde tilbud på Project Life produkter tidligare i vinter måtte eg benytte meg av sjansen. Då blei det litt basisprodukter, nye kits og ny pynt :)
Core-kit'et som heiter Midnight Edition er ganske nøytralt (kvitt, svart, gult og grått) så dette bruker eg gjerne sammen med andre kit. Og Strawberry Edition var heilt nytt for meg med sine herlige og sommerlige farger. 


Eg har lenge hatt lyst på Core-kit'et Kiwi Edition, og sidan eg ikkje fann det i norske nettbutikker kjøpte eg det hos Scrapbookers Inner Circle. Då eg kjøpte eg liksågodt litt fleire fotolommer og det nydelige Core-kit'et Dear Lizzy også.

Eg fann stor glede i dei nye kit'ene eg fekk fra Scrapbookers Inner Circle, mens minstejenta fann stor glede i emballasjen derifra :)

Ikkje akkurat om Project Life, men dette er fra Rhonna Farrer's app "Rhonna Designs". Innimellom så oppdaterer ho start-skjermen i appen sin med nye, inspirerande bilder og denne gongen blei eit av mine bilder tatt med på denne! Veldig kjekt :)

Her er bildet eg brukte. Det er fra den dagen eg og minstejenta prøvde kle til det kommande karnevalet i barnehagen.

I eit tidligare innlegg skreiv eg at eg hadde framkalla 1600 bilder til diverse Project Life-prosjekt. Her er dei :)

Eg satte meg først ned med alle fjorårets bilder for å skrive dato på dei. No gjenstår det å få dei i album...

Litt andre oppdateringer:
- Minner om den nyoppstarta og norske Project Life bloggen som eg er med på å starte : Project Life i Norge. Her vil det bli mykje inspirasjon og premierte utfordringer etterkvart.
- No er dei nyeste Core kit'a begynt å komme ut i digital versjon hos Digital Project Life. Dei er fine til digital scrapping og/eller til å skrive ut heime på eigen printer. Denne veka er Strawberry Edition lagt ut og den er derfor på tilbud.
- 3. mai er det "National Scrapbook Day", og i den anledning inviterer Big Picture Classes til ein 10K event, der bla. Becky Higgins, Ali Edwards and Cathy Zielske bidrar. Det er gratis å melde seg på denne inspirerande dagen. Les meir her : National Scrapbook Day: 10 K event.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)