onsdag 10. juli 2013

Project Life er komt i hus

I februar skreiv eg om nokre av dei nye Project Life produkta som ville komme i salg i år (du kan lese innlegget her). Og eg forhåndsbestillte nokre av produkta hos scrapbookersinnercircle.com.

I juni i år kom Project Life produkta endelig til Norge!! *jippi* Så sjølv om eg hadde forhåndsbestillt ein del fra utlandet så kjøpte eg litt til fra Hobbykunst, og det tok ikkje mange dagane før eg fekk produkta i posten.  Det er veldig kjekt at det er komt hit for det vil spare meg for ein del peng i porto og toll.

Forrige dagen kom også tinga eg forhåndsbestillte (i mars). Så no har vi alt vi treng til å lage mange album framover. Akurat no held eg på med PL 2012, og eg har framkalla litt bilder til PL 2013. No nærmer det seg også ferietur, så då blir det nok eit album med ferieminner i tillegg. Eg tar med meg ein bunke med tomme tekstkort (fra Honey kit'et), sånn at eg kan skrive ned tekstane etterkvart som ting skjer. Då er det enkelt å sette dei inn i album når bildene er framkalla.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)