søndag 21. april 2013

Feriealbum 2012 -del 1 (project life)

Framsida i albumet.

Dette er feriealbumet fra 2012. Eg har brukt Project Life kitet "Clementine" i tillegg til litt pynt og gratis kort som eg har funne på nettet. På framsida har eg skreve ein oversikt over plassane vi har besøkt og severdigheter vi har sett og vore med på.

Stoppa på ein rasteplass på vegen...

Eit mindre bilde (av barnas sko) på eit 10x15 kort.

Ungane fekk fylle ut kvar sine kort med kva som hadde vore kjekt den første dagen på tur.

Dette er eit stempel med bilskilt og bokstaver. Dette passa perfekt å bruke til dei ulike plassane vi ferierte på.

Eg lager ofte kollasjer med fleire bilder på i str 10x15 cm sånn at eg får plass til fleire bilder i albuma mine. (dette gjer eg i det gratise redigeringsprogrammet Photoscape).
På kollasjen med 6 bilder har eg brukt instagrambilder.

Eit besøk i Bjørneparken.


Kortet med tremønster (i midten) er eit gjennomsiktig mønsterark (fra Hambly trur eg). Det rutete mønsterarket er fra Clementine papirpakken.

Eg tok eit bilde av eit kart i parken. Etter at eg framkalla bildet tegna eg inn ruta vi gjekk.

Her har eg også brukt eit gjennomsiktig mønsterark (rosa ruter, i midten). Då ser man gjennom til neste side.

Her har eg også med bilde av eit kart som eg tegna inn køyreruta på etter framkalling. Og her er bilskilt-stempelet brukt til å skrive  Norsjø (campingplassen vi var på).

Forsettelse kjem...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)