mandag 17. september 2012

USA feriealbum med Project Life metoden (langt)


For nokre år sidan var vi i USA  (Florida, Miami og på cruise). Eg held på å lage fotobøker for å få med alle bildene eg tok, men nokre framkalla eg for å scrappe. Bildene blei liggande ganske så lenge, heilt til eg oppdaga Becky Higgins' Project Life. Ved å bruke denne metoden kunne eg lage albumet på ein enkel og rask måte og likevel få med litt scrapping der eg ønska. Eg brukte hennar metode, men brukte mine eigne scrappeting i albumet.
(No kan man få kjøpt Project Life produkt her: Shop for Project Life in Europe )

Det øverste bildet er eit mønsterark som eg kjøpte i WDW. Sidan det er så fint så bruker eg arket som det er, uten å sette bilder eller anna pynt på det.

Eg bruker eit album med ringer inni sånn at eg kan bruke ulike plastlommer i det. Mønsterarket ovanfor er satt inn i ein plastlomme på str 30,5 x 30,5 cm.
Albumet er ikkje heilt ferdig enda, så det skal etterkvart komme eit lite bilde på framsida av albumet.

Her er det bilde av tre ulike plastlommer. Den øverste er 6x12" (ca 15,2x30,5 cm). Her har eg lagt inn ei brosjyre fra Magic Kingdom, og eit halvt mønsterark som bakgrunn.
Neste lomme er ein A4 lomme (sjå nedanfor), og den nederste er ein "vanlig" lomme i størrelse 30,5 x 30,5 cm.

Her er A4 lommen tydeligere. I denne har eg kartet over Walt Disney World.

Her er den nederste lommen. Med bilder, postkort, inngangsbilletter og ein tom fotolomme der eg skal sette inn eit tekstkort etterkvart.


Minner fra Ole Brum's hjørne i Magic Kingdom. Her har eg brukt ein plastlomme med plass til seks 10x15 cm bilder. I fem av dei har eg bilder, og i eitt av dei har eg laga eit tekstkort og satt inni.

Nærbilde:
Det eine bildet har eg klippa litt mindre og limt det på oransj kartong. Ole Brum pynten på samme bildet har eg laga med ein Cuttlebug dies.

Minner fra eit av showa i Magic Kingdom.

Nærbilde:
Ein lomme med eit postkort, ein anna med sangen fra showet (oppå eit mønsterark).

Minner fra autografane som ungane fekk av Disney-figurane.
Her har eg brukt ein stor plastlomme med plass til seks ståande bilder.

Eit par ståande bilder fra ei anna side. 
I den eine har eg klippt ut slottet fra eit mønsterark.
I den andre lommen er eit bilde av Askepotts vogn i paraden, limt på svart kartong som lager ei ramme.

På det eine bildet har eg rosa kartong under for å lage ei ramme. 
På det andre bildet har eg klippt ut ei bord med mikke-øyre og plassert den øverst. Saksa eg brukte kjøpte eg i WDW.


Ein lomme med Hanna Montana- mønsterark, -etikett og -klistermerker.

Mikke Mus-tag'en har eg stansa ut med Silhouette maskin.

Ein lomme med Disney-mønsterark, photopass og tekst-tag stansa ut med Silhouette.


Ein plastlomme med plass til seks bilder, ein med amerikanske dollar og fem fyllt med bilder av fine ting man kunne kjøpe (vi hadde ikkje plass til å handle så mykje, så då var det godt at vi kunne ta bilder av ting vi likte).

Ein plastlomme med anna bildeinndeling; her er det plass til fire vanlige og tre mindre bilder.
Minner fra ting vi såg fra bilvindauget.

Ein A4 lomme med "fødselsattesten" til bamsane som jentene laga på cruiset.

Bilder fra "eventen". Jentene valgte bamser, fyllte dei og valgte kle til dei. I den tomme lommen skal det etterkvart komme eit tekstkort. Alt kjem ikkje på plass samtidig, men bildene er komt på plass og det er det viktigaste for då kan ungane iallfall sjå nokre av bilda fra turen.

A4 lomme med kart over Miami og South Beach.

Fleire minner; postkort og buttons fra parkane.

Minner fra ein av paradane i Magic Kingdom.

Nærbilder:
Eit kort med tekst som eg har printa ut; sangen dei sang i paraden. Pynta med klistermerker.

Kort med mikke-mønsterark og tekst-tag som eg har stansa ut med Silhouetten.


Då mellomstejenta fekk seg prinsessekjole.
Eg har scrappa nokre få sider/layouter fra turen. Desse tok eg ut at scrappealbumet og satt dei inn i dette.

Ei scrappa side med kart og info om Sea World.


Ei scrappa side med små og store bilder, og billetter.

Eit par andre mønsterark som var for fine til å fylle med bilder og tekst. Eg brukte dei som  inndeling før bildene fra kvar park.


Mange av produkta eg har brukt er kjøpt i norske nettbutikker, nokre er kjøpt i WDW.
I tillegg til inspirasjon fra Becky Higgins så var det egentlig denne videoen som ga meg ideen om å lage Disney-albumet på denne måten:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)