søndag 23. september 2012

Project Life produkta er komt i hus

Eg forhåndsbestillte mange Project Life produkt i vår, og har venta spent på at dei skulle komme på lager og bli videresendt til meg. No har eg endelig fått dei i hus :)

Det var med stor spenning og glede eg åpna pakken min

Tre "Core kit" 

Diverse fotolommer

Blanke kort til tekst

Ein titt oppi Clementine Core kit

Eg har satt dei opp i ståande stilling så eg lettare ser alle tekstkorta som er oppi pakken.


 Tekst- og pyntekorta er til venstre og i midten. Heilt bakerst står det nokre klistermerker som fulgte med eit eldre Core kit. 
Til høgre ligg ipoden min der eg har samla alle tekstane eg har skreve i 2011 (sidan det er dette albumet eg held på med), under ligg diverse penner, og bakanfor desse har eg lagt eit lokk med små tags oppi.

Bilda er blitt framkalla og er allerede på plass i albumet.

Eit glimt av eit av mine pågåande prosjekt. Alle tekst- og pyntekorta er fra Clementine Core kit.


Memory Keeping at its best with Project Life



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)