mandag 24. oktober 2011

Dåpspynting og dåpsgaver

Det er ikkje så ofte eg pynter bord, men sidan vi hadde dåpen heime så måtte eg jo prøve. Eg var innom Nille for eg tenkte at dei hadde sikkert mykje rosa- men der tok eg feil. Der var det mest høstfarger... Men eg fann dei rosa kubbelysa der, sommerfugl-fata og nokre søte, rosa blomsteroppsatser. Oppi sommerfugl-fata la eg gjennomsiktige plast-blomster (i tillegg til lysa), og borda pynta eg med roseblader. Begge deler fann eg tilfeldigvis på loftet for ikkje så lenge sidan... sist dei blei brukt var i bryllupet vårt for 9 år sidan. Så det var litt artig å bruke dei opp att no :)

Vesla fekk mykje fint på dåpsdagen sin. 


Då folk spurte meg om kva vi ønska til dåpen, så var det litt vanskelig å komme på gode ønsker. Men eg ønska bla. litt ullkle og ei ramme til å ha hand- og fotavtrykk i. Smykkeskrin og smykker ville også vere kjekt å få. 
Denne hesten med vogner, og også det fortinna smykkeskrinet på det øverste bildet (med blomster på) ønska eg meg fra denne nettbutikken: chanti.no
Eg brukte også desse sidene for å få litt ideer til ønsker: mammanett.no og dåpsgaver.no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)