torsdag 17. september 2009

Tanker om tid, jula og adventskalendere (og tips til kalendergaver)


Nokre dager føler eg at eg har ganske mykje på "plakaten" framover, og sånn er det no. Noko kunne eg nok sagt nei til, om eg følte at det blei for mykje. Men nei, eg vil jo ha med meg mest mulig- og iallfall av dei koselige tinga. Sjølv om eg berre jobber 2 dager i veka, så har eg jo stort sett ungane heime på fridagane mine. Og sjølv om vi desse dagane kan kose oss sammen og eg også får tid til husarbeid og anna, så går desse dagane ganske så fort. Og når også mange av kveldane blir booka, så har eg lett for å føle at eg får for lite tid til andre prosjekt som også skulle vore gjort.
Men klart, det har med kor mykje jobb ein lager seg også.

Dei tre vekene vi er i gang med er ganske så oppfyllte:
2 jobbmøter på kveldstid
1-4 dager og kvelder der barnehagen eg jobber i skal flytte i nytt (og bedre) bygg :)
1-2 "frivillighets"-møter
4-5 foreldremøter/foreldresamtaler
30årsfeiring
3 bursdager (der mor og barn er med)
Ei høsttakkegudsteneste, sidan skuleelevane pleier å ha litt oppgåver på denne.
1 jentekveld

Men sånn er det jo i perioder. Eg har lett for å bli litt småstressa innvendig når eg veit at eg har så mange ting som eg skal vere med på, men prøver å puste djupt inn og tenke at vi tar ein ting og ein dag om gangen.
Men så har eg jo begynt å tenke på jula også...

Vi reiser til Florida tidlig om morningen den "3. juledag"... Så korleis blir denne jula? Måtte tenke litt på det i kveld. Vi må ha vanlig julafta-feiring, men eg tenker at vi rydder vekk jula på 1. juledag (så slepp vi å ta det når vi kjem tilbake fra Florida uti januar).
Mannen meiner at vi må ha juletre, så då får vi ta det inn i hus 1-2 veker før julafta kanskje. Og pynte til jul ganske tidlig i desember.
Og det meste må vere pakka til turen før julafta, sånn at vi kan nyte denne dagen mest mulig.

Av erfaring så veit eg at adventstida går ganske fort. Vi prøver å ta det med ro og finne på koselige ting, men det er også ein del ein skal vere med på på skulen, i barnehagen og div. anna. Då kan det vere greit at dei fleste julegavene er komt i hus før desember, og adventskalendarane må også vere klare til advent. Kanskje vi rekk å lage litt julekaker i slutten av november i år?
Eg kjøper småting til kalendarane heile året.. når det dukker opp søte småting i butikkane så kjøper eg det, og oppbevarer det i esker på loftet. Så eg trur eg har alle adventskalenderpakkane som eg treng i år (24x3), men dei må pakkes inn. Og så må eg planlegge kva dager dei skal få kva.
På dager der vi har fri får dei gjerne små leiker, bøker, musikk eller aktiviteter som dei kan holde på med på fridagen. Dei dagane dei skal på skule/barnehage får dei andre ting som gjerne ikkje kan leikes med bla. små smykker, hårpynt, lue, votter, undertøy o.a. Og på lørdagane får dei litt snop. Derfor er det heile eit lite puslespel, men det er eit koselig puslespel :)

Årets kalendergaver blir bla. :
Til jentene: Penner med fine motiv, blyanter, viskelær, samlekort (Bella Sara), klistermerker, scrappepynt, fin paraply, magneter (med fine motiv), liten badesekk, nøkkelring, små dukker, hoppetau, hoppestrikk, hårpynt, lommespeil...

Til minstemann: ullsokker, små og søte dinosaurfigurer, småbiler, cars-belte, Byggmester Bob-bok

Til alle: Crocspynt, bøker, plastegg (med bla. prinsesser i, hello kitty og cars), pc-spel, DVD'er, figur-reflekser, figurer med badeolje, hansker/votter, undertøy, tannbørster...

Andre tips til adventskalendergaver:
Fine pepperkakeutstikkere, små juleaktiviteter, fine vaskekluter, puslespel og andre spel, duplo og lego oppdelt på fleire dager, tatoveringer, playmo, jule-figurer, smykkeperler, luer, strømpebukser og andre små klesplagg, kopper eller glas, fargeblyanter, blyantkvessere, små dyr, glansbilder, lommelykt, handkle, shampo eller såpe, drikkeflasker, matboks, armbånd og smykker, julecd'er og anna musikk, togbane-deler...

Det fins mykje fint ein kan få kjøpt. Eg pleier ikkje å få plass til alle gavene på kalenderen, så då heng eg gjerne på berre halvparten og så gøymer eg nokre av gavene og skriv/tegner ein lapp som eg heng på den aktuelle dagen (blir nesten som eit skattekart). Og ungane elsker å måtte leite fram gavene sine sjølv, men der også trengs det litt planlegging i begynnelsen av desember. For kva dager skal dei få dei store gavene på? Kor skal dei gøymast? Og då pleier eg også å merke alle gavene med små og ulike symbol+ skrive ned kva som er i dei ulike gavene. Er ikkje så enkelt alltid å vite kva som er inni alle dei innpakka gavene.

Det heile kunne vore gjort mykje enklare, ved å kjøpe ein ferdig-kalender eller lage ein aktivitetskalender (ein fin og koselig aktivitet kvar dag). Men sidan det dukker opp så mange småting som eg får lyst til å kjøpe, så blir det til at eg sparer desse til adventskalenderen istedenfor å gi det til dei der og då.

Det er forsatt over 2 måneder til advent, og godt er det. Men tida kjem nok til å gå like fort som den pleier, så eg får prøve å komme igang med florida-planlegging og juleplanlegging allerede no :) Sånne ting har ein tendens til å hope seg opp heilt til siste liten :) Men uansett så kan ein ikkje gjere meir enn ein klarer, og jul blir det uansett. Og det aller viktigaste er å kose seg med forberedelsane, og ikkje stresse. Og prøve å nyte tida ein har sammen med familien. For noko av det viktigaste med jula for meg, er å dele ungenes glede og forventninger fram mot julafta (og også Floridatur).

2 kommentarer:

  1. Du får trøste deg med at det ofte er sånn i periodar, at det er så travelt... Er rart med det, men om ein ikkje får ein roleg kveld heime ofte nok, så følast alt så travelt!

    Skal dere ha juletre altså?? Det var jammen ikkje dumt å setje det inn litt før vanlig tid, så ein får nyte det før vi reiser.. Det fekk eg og lyst til, men R vil sikkert ikkje, sidan vi har no egentleg bestemt at vi ikkje skal ha juletre i år.. Men vi får sjå.. Tenk så nydeleg det sikkert er i Disneyland i jula då! Det tilfredstiller nok mine behov likevel:p

    SvarSlett
  2. Så fantastisk mange gode tips til julekalendre:-)
    Og vi var i Florida + på cruise i julen for 2 år siden. Helt fantastisk!!! Får jo ikke julestemninga der nede da, men er jo så fint der nede! Reisen er noe man husker i mange år, mens man får helt sikkert flere fine "romjuler" hjemme andre år:) Gleder meg veldig til å se bildene dine derfra merker jeg!!!

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)