søndag 7. august 2016

Ein dag med slåttearbeid på gården

Om sommeren tilbringer kuene og sauene nokre måneder på fjellet, mens vi på gården jobber med å få vinterens fòr i hus. 2-3 gonger i løpet av sommeren bruker vi eit par veker på dette, og då er det ikkje rom for så mykje anna.
I går delte eg nokre glimt fra dette på snapchat så eg tenkte eg kunne dele nokre av dei her også.

Graset i dei bratte bakkane blir slått med slåmaskin, raka sammen og traktoren med vossakasse får det i hus.

Jentene mine imponerer med sin arbeidsvilje og styrke. Graset samlast i silotalja og "armane" slås på plass med slegger.

Teknologien hjelper til med å få graset opp i siloene

Greit med ting som forenkler jobben litt

Edderkoppen

Når graset er komt i riktig silo jamnast det ut før neste haug kjem


Alle bidrar

Vi har ein gutt på avlastning hos oss, så derfor slepp guttane litt unna gårdsarbeidet denne dagen. Det er nok dei to eldste som gjer den største jobben (i tillegg til min mann)


Nokre gonger om dagen rumler magen og kroppen treng påfyll. Minstejenta fann ut at ho kunne vere dørvakt og passa på at ingen gjekk inn med skitne sokker og sko (likevel blir det merkelig mykje gras innendørs i huset når det er slåttetid)

Mange støvler får seg ei pustepause

Glad for at eg har denne kremen i min eigen nettbutikk. Hendene mine blir gjerne såre av å holde på med raking og gafling over lengre tid, men denne gjer at det går fort over og dei blir klare for ei ny økt.

På slutten av dagen blei litt av graset slått i rundballer så då fekk silo-arbeidarane fri.

På snap deler eg familieliv, gårdsliv og glimt fra min eigen business. 
Du er velkommen til å følge meg viss du har lyst




tirsdag 2. august 2016

Kjekt med heimelaga hårklemmer

(Klikk på bilda for å sjå dei større)

Eg er glad i å holde på med ulike hobbygreier, men alt for lite flink til å prioritere det. Eg veit det gir meg glede og avkobling, di  meir man gjer det di meir kreativ blir man og det er også veldig kjekt å gjere ting sammen med ungene. Og kanskje det er derfor det har blitt mindre av dette...
Mine tre eldste er ikkje så glad i det som dei var tidligare. Men no er vesla blitt 5 og eg skal prøve å prioritere fleire kreative ting sammen med ho framover.

Då minstejenta var baby shoppa eg hårklemme-ting på nettet og eg pynta hårklemmer sammen med eldstejentene. Her kan du sjå kva vi laga den gongen: Heimelaga hårklemmer

I dag fekk eg lyst til å la minstejenta få velge sjølv korleis ho ville ha klemmene sine. Ho valgte farger og pynt, mens eg limte det sammen. Klemmene med farger på er kjøpt hos Panduro, mens resten er kjøpt på Ebay.
Ein rask og lettvint aktivitet for å lage noko som er forbruksvare her i huset :)

søndag 26. juni 2016

Stemningsbilder fra årets Summerparty ved slottet

For ei helg!!
For ei veke sidan var det duka for sommerens jobb-event ved kontoret vårt i Sverige der kollegaer fra heile Skandinavia samla seg (ca 3400 stk) og fylte parken med liv og stemning. 
(Klikk på bildene for å sjå dei i større format.)

Eg sit alltid igjen med mykje ny kunnskap og inspirasjon etter alle events og foredrag eg er med på, men dette var ekstra spesielt. Det var fantastisk å endelig få sjå slottet "in real" både utanfor og inni. Og stemningen var magisk sidan parken var pynta så flott og den var fylt med summingen fra så mange flotte kollegaer.


Fleire fantastiske foredragsholdere

Herlig stemning

Eg er så takknemlig for at eg tok muligheten og begynte å samarbeide med Forever. No har eg vore med i litt over eit år og det har gitt meg så vanvittig mykje. Alt eg har lært, den personlige utviklinga eg har hatt, alle eg har fått møte og bli kjent med (både kollegar, kunder og andre) og det at eg også har fått bidra til å hjelpe andre. Tusen takk :)

Send meg ein mail dersom du også kunne tenke deg å vere ein del av dette. Eg kan sende deg litt informasjon og så kan du sjølv bestemme om dette er noko for deg eller ikkje.
Mail: linda.sognen@outlook.com


(Bildene er satt sammen i Project Life appen.)

torsdag 23. juni 2016

Barnas planer for sommeren

Så var det den tida på året igjen. Tida som skulebarna gjerne ser fram mot i lang tid, og når den endelig kjem så blir dagene roligere.... Dei første dagane er dei gjerne litt rastløse, og veit ikkje heilt kva dei skal finne på. Men så kjem dei raskt inn i det og dei neste sommervekene flyr avsted.

Men for å kanskje få litt meir ut av ferien, og for å ha ei ideliste å sjå på når dagene kan bli kjedelige (og Ipaden eller mobilen alt for ofte blir tatt fram) så laga eg ei Sommerliste til mine eldste i dag. Eg printa ut ei til kvar, og to er allerede fylt ut.

Lista laga eg ganske raskt i Word, så det er mulig at eg kjem på fleire punkt til neste års sommerliste etterkvart.


søndag 22. mai 2016

Det er herlig på stølen

I forrige veke var familien på årets første stølstur sammen. Vi måtte gå gjennom beitet på veien, men dyra var raske å flytte seg når vi kom nærmare.

Når alle er med så har vi nokre faste plasser der vi stopper for å ta oss ei lita pause.

Det er for det meste oppoverbakker

Men heldigvis nokre flater innimellom

Utsikten blir bedre og bedre di høgare opp vi kjem

Endelig  ved målet

Man må hugse på å skrive seg opp i boka. I år klarte minstejenta å skrive sitt eige navn.

Vi liker å spele, og minstejenta var klar nesten før eg var komt inn døra.

Ungene liker å finne fram den gamle radioen, sette batteria i og leite etter ein passende radiokanal vi kan høyre på.

Flagget blir også satt ut

Det å vere på stølen gir ro i sjelen

Eit måltid på stølen handler om meir enn berre maten. Det å gjere noko sammen, på denne fredfulle plassen...og så smaker jo maten ekstra godt når man er her, sjølv om den er er ganske enkel.

Eg liker å ta bilder av ungene når dei gjer noko sammen. Dei er nokre av dei mest verdifulle bildene i familiealbuma, og viser dei i etterkant at dei også har det kjekt ilag (sjølv om dei nokre gonger er irriterte på kvarandre). 

Stølen er ein fin plass å vere

På veg ned att måtte vi  leike litt i snøen

Eldstejenta (som er den raskeste av oss) bruker 35 minutt på å gå/springe opp hit, mens vi bruker litt meir enn 1,5 time når vi går alle ilag. I år klarte minstejenta å gå heile veien. Det var litt tungt innimellom, men ho klarte det- så det var jo kjempebra :)

I fjor tok vi konfirmasjonsbildene til eldstejenta på stølen, dei kan du sjå her: Konfirmasjonsbilder


lørdag 14. mai 2016

Drømmejobben

Eg er utdanna Barne- og Ungdomsarbeider og liker å jobbe i barnehage. Eg har tenkt på om eg skulle ha videreutdanna meg innen dette faget, men har ikkje heilt funne motivasjonen til det. Eg har vore fornøgd med det å vere Barne- og Ungdomsarbeider og å få jobbe med så mange ulike, små personligheter. Det gir mykje glede, variasjon i kvardagen og lærdom om kor forskjellige vi er som menneske allerede fra starten av.

Samtidig har eg også hatt lyst til å jobbe hjemmefra. Eg har solgt litt kort, laga kaker, fotografert litt og også vore forhandler for Cacas for nokre år sidan. Papirhobby og fotoalbum (project life) held eg fortsatt på med, men det har vore nokre travle år i det siste og eg har mest holdt på med dette for mitt eige bruk. Cacas-jobben gjorde til at eg fylte opp kjelleren med kakeformer, og etter nokre år så kom tredjemann til verden og motivasjonen til å holde på med dette ga seg. Drømmen om å jobbe med noko eige blei etterkvart meir diffus fordi eg ikkje visste kva eg kunne holde på med, og eg følte at eg hadde meir enn nok av andre ting å henge fingrene i.

Men for litt over eit år sidan dukka Forever opp. Etter ei stund blei eg forhandler for å handle produkta litt rimeligere til meg sjølv- for dette er forbruksvarer med god kvalitet og som eg blei meir og meir glad i.
Samtidig begynte ei ny reise i livet mitt.
Då eg blei forhandler fekk eg meir innblikk i kva Forever er.
I løpet av året som forhandler har eg sett og høyrt om mange andre som også foretrekker å bruke Forever sine produkt. Eg har sett og høyrt, og har også eigne kunder som har fått endra liva sine til det bedre ved å bruke desse. Berre det er motivasjon nok til at eg vil holde på med dette. Men det stopper ikkje der.

I tillegg til å gi kunder produkt med god kvalitet og i tillegg 3 måneders fornøgdhetsgaranti, så tar også Forever godt vare på dei som velger å jobbe med dette. Vi får god veiledning, har mange som vi kan spørre dersom vi lurer på noko, eg kan velge sjølv kor mykje eg vil jobbe, eg kan jobbe hjemmefra...og egentlig fra overalt.
Vi får ofte tilbud om å bli med på bla. kurs, inspirasjonsdager, sjå webinar og har gode muligheter til å utvikle oss og lære meir heile tida. Man kan også kvalifisere seg til gratis reiser og andre fristende incentives, noko som gjer jobben enda kjekkere og motiverende.
Det å jobbe med Forever har også endra mange mennesker sine liv til det bedre på mange måter.

Dei fleste kan jo ikkje så mykje om denne jobben før dei begynner, men der er det likt for alle. Alle starter på scratch, og kunnskapen får man etterkvart som man blir bedre kjent med Forever.

Eg er stolt over å vere ein del av dette foretaket som no har virksomhet i over 150 land. Sjå denne videoen så skjønner du kanskje kvifor:

The Forever Opportunity from Discover Forever on Vimeo.

Forever såg dagens lys i 1978, og fyller 38 år denne veka! Vi blir fleire og fleire forhandlerer, og det er fordi fleire og fleire får augene opp for desse ekslusive Aloe Vera produkta og vil bruke dei fast. Her kan du lese litt om starten og historia til Forever Living Products: Om Forever

Sånn begynte det:
Grunnleggeren, Rex Maughan, hadde allerede lenge før det definert to ting som han mente ville øke hans livskvalitet, nemlig bedre helse og økonomisk selvstendighet. Han ville også gi alle andre som var opptatt av sitt eget velvære, et nytt og naturlig alternativ. Rex prøvde på flere forskjellige måter, men først i 1978 fant han den rette. Da inviterte han 43 personer, i første rekke familie og venner, til den første presentasjonen av Forever Living Products. Der fortalte Rex hvordan han – og hvem som helst – skulle kunne få både bedre helse og økonomisk frihet.
(henta fra Forever Living si nettside)

Eg liker Forever for alle dei ovennevnte grunnene og mange fleire. I tillegg passer jobben så godt inn i livet mitt fordi eg kan jobbe når det passer meg sjølv og min familie. Eg kan også fortsette med å ha den fine jobben min i barnehagen.
For nokre veker sidan skreiv eg dette innlegget som forklarer dette meir: Tid og jobb


Kunne du tenke deg å høyre meir om det å jobbe med Forever?
Eg har muligheten til å lære opp andre som ønsker å få dei samme mulighetene som eg sjølv har fått.
 Ta kontakt så sender eg deg meir informasjon heilt uforpliktende.
Send ein mail til linda.sognen@outlook.com
Eller les meir her: Jobb med meg



torsdag 12. mai 2016

Heimelaga kort til konfirmanten vår

Kortet til min eigen konfirmant (i fjor)

Innsida av kortet

 Diktet og bildet skreiv eg og satte sammen i Rhonna Design-appen. Deretter printa eg det ut på på tynn kartong.

Rhonna Design og liknende apper er fine å lage kort og bilder i. Eg lagrer bildene i dropbox og har då lett tilgang til dei via pc'en og kan printe dei ut derifra.